Denali beseiret

Cato ved camp 3, med Motorcycle Hill i bakgrunnen.

Cato Risløw kom til topps på Denali i juli. Jeg har igjen tatt en prat med ham for å høre om han kunne dele noen erfaringer.

  • Gratulerer med enda en av de Seven Summits! Hvor mye tøffere enn Aconcagua var det?

Denne turen var i ein heilt annen liga! Men det hadde nok mykje med at turen ikkje var gjennom eit firma, men privat organisert. Været var også mykje meir skiftande enn Acon turen, og ein måtte heile tida tilpasse seg nye utfordringar.

  • Kan du fortelle om et døgn på fjellet?

Frå Medical camp til high camp var det ein del utfordringer.
Det er når ein kjem over 4300 meter at den ordentlige klatringen byrjar! Headwall er den bratteste klatringen på ruta til toppen. Klatringen startar med eit 370 meters langt moderat klatreparti, som leder til ein 240 meter vegg som varierer mellom ein hellningsgrad på 40 til 55. Denne veggen er ein is- og snøvegg, og krever effektiv klatring samstundes som ein bærer tungt. Headwall har ein brokket historie med fleire snøskred, og bør unngåas etter snøstormer. Den har også bresprekker mellom 4400 og 4700 meter som me måtte være oppmerksom på.

Nesten kvart år dør det klatrere på Denali på grunn av fall, høydesyke eller eller vær, frå ein byrja klatring på Denali og fram til 2012 har over 112 klatrere dødd på fjellet. Headwall er eit område som bør klatres med respekt. Eg las nett ein artikkel skriven av Everest og K2 klatreren Alan Arnette som prøvde å klatre Denali i 2001, 2007 og 2011. Han vart på første turen sin stoppa av været på ca 5500 meter, da kraftig vind stoppa toppstøtet. i 2007 etter å ha venta sju dager på 4200 meter -Basin camp, kom han seg til 5000 meter, før eit mage vonde utvikla seg til ein infeksjon. Han fekk klatra seg ned langt nok til å bli flydd ut av helikopter. I 2011 låg han med teamet sitt på high camp i 5200 metershøyde i 8 dager. Dei gjekk tom for fuel og mat, og måtte snu uten toppstøt forsøk. Han har ikkje gitt opp håpet om ein gong å nå toppen.

Me fekk eit værvindu som me utnytta til det fulle opp til high camp. Det vart ein skikkelig fin dag. Vegen ned igjen var verre. Partiet etter Headwall hadde fått mykje snø, og me måtte arbeide oss nedover, med snø til livet. Det var hardt arbeid, og ein kunne ikkje lenger sjå bresprekkene. I tillegg var tanken om snøskred heile tida i bakhovudet, så me måtte tenke ein del på linjeval for å minimalisere risikoen.

Dagen etter, kunne me sjå eit ras som var gått ved siden av rutevalget vårt.
Eg har tidlegare blant anna klatra Aconcagua, der toppen ligg rett under 7000 meter. Denali opplevde eg som ein meir fysisk klatreekspedisjon, den involverte tunge sekker, og sleder. Det er lengre perioder med klatring enn på Aconcagua, og ein klatrer i djupare snø i høgare atmosfære enn på Acon. Ein klatrer også på faste tau (fixed ropes) på dei mest utsatte plassane. I tillegg kan været være ekstremt brutalt med kraftig vind og kalde nattemperaturer.

Cato feirer 4. juli i camp 4.

I tillegg opplevde me at været aldri var det same, det kunne snu frå time til time. Den meste av filminga mi skjer når sola skin, så ein kan få eit inntrykk av at me er på tidenes påsketur😉

 

  • Hvordan var toppnatten?

I det du passerer 6000 meter er oksygennivået under halvparten av det den er i Øygarden ved havnivå. Dei fleste gjeremål skjer tungpusta. Me har forlatt high camp på 5200 meter, og skal gå 1000 høydemeter på ein dag! Eigentlig skulle me ligge ein ekstra dag i high camp for å aklimatisere oss, men med tanken på kor mange som har måtte snu denne sesongen, og eit værvarsel som ikkje såg bra ut, bestemte me oss for å utnytte værvinduet og pushe mot toppen. Seinare fekk me vite at det amerikanske laget som me hadde leir ved siden av oss på 5200 meter, og som bestemte seg for ikkje å gå denne dagen, måtte snu i high camp pga været. Dei fekk aldri forsøkt seg på eit toppstøt. Det skulle vise seg at me vart det siste teamet som nådde toppen av Denali i år.
I denne høgda må ein være forberedt på det verste i dette området, mangelen på oksygen, tegn på høydesyke, ekstrem kald og tørr luft og eksponering av iskald vind, gjer at klatrere heile tida kan kome bort i farlege situasjoner.
Toppstøt dagen er uten tvil den lengste og hardeste dagen på fjellet. På ein bra dag, med gode forhold, kan ein bruke 9-12 timer til toppen og ned igjen, vi var ute i 22 timer!
Første delen av ruta hadde snødd igjen, og me måtte hakke oss ned i løs snø og is for å finne feste til sikring av tau. Jarle var i tet og gjorde ein fantastisk jobb, den var tung og vanskelig i bratt terreng med lite tilgang på oksygen. Etter Denali passet, gjekk eg på led opp bakkedraget til området kalla Fotball Field, før Ståle tok over og tok oss til toppen, og sat sikring på eit rimelig eksponert område rundt Kahiltna Horn der me måtte over ein smal snøsti, der ein kunne sjå rett ned i avgrunnen på den eine sida. Ståle gjorde ein kjempejobb, og fekk oss trygt og kontrollert over gesimsen.

Cato på toppen av Denali!

Endelig! Etter måneder med arbeid, treninger tidlig og seint, sjonglering av arbeid, familieliv, venner og fritid når vi målet vårt! Toppen av Denali! Det føltes som ein bragd der å då, og gjer eigentleg det enno.   Det var tøffe utfordringer underveis, både tekniske og personlege, men fokuset i heile gruppa var klar, me gjer alt for å nå toppen så lenge det ikkje er fare for liv og helse. Belønningen er og var enorm!  Utsikten på platået og værvinduet som gav oss ein time med magi var fantastisk.

  • Var det noe spesifikt utstyr som du var ekstra fornøyd med? Noe som ikke fungerte så bra som forventet?

Eg var ikkje fornøyd med vottene mine, dei var ikkje solide nok (Baffin), og eg har skifta dei ut til neste tur. Eg har hatt nærkontakt med Nordlyssport som har mykje erfaring med utstyr til denne typen turer, og er fornøyd med skia frå Black Diamond, og spesielt randonee skoa og bindingene. Ellers brukte eg ei tynnere dunbukse frå BD, som eg vil trekke fram, den ble brukt heile tida. Praktisk og lett, med gode glidelåsløsninger som gjorde det lett å skifte kleslag, og ikkje minst å gå på toalettet. Eg synes det er heilt formidabelt å ha med pute på tur, og der fann eg ei løysning som eg tar med meg videre til Antarktis. Det er eit bobleskjørt (ja, det finns for men og😉) , som formar seg som ein firkanta pute når du legg den inn i si eiga innerlomme. Heilt genialt. Det kan brukes som sitteunderlag, bekledning og var ekstra handy når det vart kaldt og du satt på kne og smelta snø. Den isolerte godt, og har padding på knærne.

  • Hvilke praktiske tips vil du komme med til andre som skal gjennomføre turen?

Ring til Rangerene i nasjonalparken, dei er velvillige til å hjelpe. Sørg for at du har nok med ekstra dager og åpen billett, været snur fort, og av ca 1200 klatrere denne sesongen, var det rundt 800 som ikkje nådde toppen. Sørg for at provianten er veld diskutert med resten av gruppa, alergier er en ting, men smak betyr mykje. Eg har aldri likt kokosnøtt, og det var det i omtrent alle prefabrikerte frukostene vi hadde. Hvis det ikkje hadde vært for at halvparten av frukost provianten var havregryn, så hadde eg gått ned ganske mange fleire kilo enn eg gjorde. Bruk tid på å regne ut fuel, og sørg for at du har med deg eit par ekstra brennere utover det du hadde tenkt. Pakkningene er skjør for kulde, og andre ting kan oppstå med brennere undervegs.

Eg anbefaler å lese boka Denali`s West Butress- A climber`s guide to Mount McKinley’s Classic Route. Den inneholder kart, rutevalg, praktisk info, og ting ein bør vere merksam på. Boka gav meg ein betre forståelse av kva me kom til å få av utfordingar på turen.

  • Før avreise virket du fornøyd med, og trygg på dine forberedelser. Nå i etterkant, er det noe du ville gjort annerledes?

Det vil alltid være noe som ein hadde endret på i etterkant, men det trur eg er ulikt fra person til person. Kanskje eg ville tatt skia med opp til 4200 meter i stedet for å etterlate dei ca 1000 meter lenger nede. Men det blir ein personlig vurdering tatt utfra det været og den nedbøren vi fekk dei dagene, hadde det vært meir is og mindre snø rundt Windy Corner, så hadde det igjen vært ein dårli avgjørsel.

  • Dere var jo de siste som forsøkte å bestige fjellet denne sesongen. Dersom du ikke måtte ta andre hensyn ville du reist på samme tidspunkt igjen?

Camp 3

Er litt usikker, nett denne sesongen var det perfekt siden månedene før hadde hatt ekstremt dårlig vær, og ein suksessrate på berre 15% i mai, og ikkje fullt 30% fram til slutten av Juni. Juli var nok beste måneden å gjennomføre denne turen på i 2017, men historisk sett er det vel mai som har vært best, om eg ikkje hugser feil.

  • Jeg er nysgjerrig på forskjellene mellom å melde seg på en organisert tur og planlegge og gjennomføre turen selv. Nå har jo du gjort begge deler, hva kan du si om det?

Personlig så liker eg bedre mestringsfølelsen og den bratte læringskurven med å organisere og planlegge selv, men på nokon turar har du ikkje eit reelt valg, du må nesten reise på ein organisert tur, om du vil gjennomføre den.

Det kjekke med organiserte turer, er at ein treff folk som har holdt på med dette over lang tid, og ein kan få innsikt i og dele erfaringer. Eg trur nok at ein berre må prøve seg fram og finne ut kva som passar ein sjølv best.

  • Hvor mye koster det å gjennomføre en slik tur?

Nokon har klart å gjennomføre denne turen til rett over 20 000 NOK , men det realistiske er nok ein plass rundt 40 000,- pr person. Det som koster penger er jo utstyret ein treng, om ein ikkje har det frå før. Det er gjerne den delen som er dyrest.

  • Lykke til med forberedelsene til neste tur, Mount Vinson i Antarktis! Når er avreise?

Om to dager! 😊😊

Du kan følge Catos ferd mot Vinson og Mount Everest her:

Hjemmeside: www.draumenomsevensummits.com

Instagram: @hrrislow

Cato i camp 4.

Nordmenn på Denali, statistikk

Jeg har innhentet informasjon om hvilke nordmenn som har forsøkt seg på Denali fra 1995 til 2019. I denne perioden har 52% av nordmennene som har forsøkt, nådd toppen. Dette sammenfaller med totalen for alle nasjonene, som er rundt 50%.

År Antall som forsøkte Til Topps % som nådde toppen
2019 21 15 71 %
2018 11 6 55 %
2017 15 11 73 %
2016 5 3 60 %
2015 28 15 54 %
2014 21 6 29 %
2013 12 5 42 %
2012 20 0 0 %
2011 14 12 86 %
2010 14 5 36 %
2009 9 3 33 %
2008 21 18 86 %
2007 18 12 67 %
2006 10 7 70 %
2005 33 22 67 %
2004 18 5 28 %
2003 9 5 56 %
2002 13 3 23 %
2001 16 12 75 %
2000 5 2 40 %
1999 12 2 17 %
1998 5 5 100 %
1997 5 0 0 %
1996 10 7 70 %
1995 15 10 67 %
Totalt 360 191 53 %
©pizpalu.no


Fra 1932 til 2019 er det ikke registrert noen dødsfall blant nordmenn på fjellet.

Ekspedisjon til Denali

Cato Risløw Foto: Vegard Oen Hatten

Cato Risløw reiser til Denali neste uke og jeg fikk en liten oppdatering fra ham nå på tampen. Vi var sammen på Aconcagua i januar 2015 og han fortalte da at han skulle bestige alle 7 Summits!

  • Hei Cato, nå er det Denali som står for tur og avreise er om halvannen uke, er du klar? Fysisk, mentalt og praktisk?

 

No sit eg i Berlin, og siste forberedelser til Denali blir å ha med meg 10.klasse på besøk til Auschwitz, Stasi fengselet og kvinnefengselet. Mentalt er det bra å ha fokus på andre ting, og få perspektiv på tilværelsen før ein slik tur. Skal ikkje sei meir om det, enn at eg er mentalt godt forberedt. Når det gjelder det praktiske, så liker eg å vere tidlig ute, siden eg skulle på tur til Polen og Tyskland før eg reiser med destinasjon Denali. Eg har pakka og ompakka tre gonger, så eg er sikker på at eg har kontroll på detaljene. Nøkkelen til suksess ligg nettopp der. Travel jobb, fritid og tre unger, gjer at ein må vere effektiv og prioritere i riktig rekkefølge, en «det ordner seg» holdning passer dårlig når ein forbereder seg til eit slikt prosjekt. Eg føler meg klar.

  • Dere er en gruppe på 6 stykker som organiserer turen selv? Jeg antar at det har vært mye og sette seg inn i å forberede, har du noen tips til andre som tenker å gjøre det samme?

 

Me organiserer turen sjølv, det er mykje som skal gjerast, med har derfor hatt nokon fellessamlinger i Hemsedal for å trene både sikkerhet og testa utstyr. Fine toppturer har vi også fått. Nokon har fått meir ansvar enn andre ang organisering, og eg føler at gruppa som team har fått brukt ressursene innad på ein god måte. Nokon har etterkvart fått mykje erfaring som har komen heile gruppa til gode, i tillegg har den enkelte eit bredt individuelt erfaringsgrunnlag, noko som gjer dette til eit sterkt team. Eg anbefaler andre som skal gjere dette å bruke mest tid på å bli kjend med dei ein skal reise på tur med i forkant, det er mange situasjoner som kan oppstå under vegs som kan føre til gnisninger når ein er trøtt og sliten. Vi satt opp ei prioriteringsliste over tiltak den kvar enkelte bør ha fokus på i slike situasjoner, i tillegg vart me einige om å vere tydelege, direkte og ærlege under heile turen. Det skal vere stor takhøyde for den enkelte om ein kjem i ein ufordelaktig posisjon feks. helsemessig.

  • Har dere med dere ski, eller skal dere bruke truger som amerikanerne?

 

Me har etter å ha henta mykje informasjon frå andre, landa på at me ynskjer å gå på ski til Denali, istedet for å bruke truger.

  • Hvordan har du trent til denne turen?

 

Det har blitt to faste økter i veka med styrketrening overkropp, dragning av to bildekk og sekk på ryggen med 26 kilo utenom. I tillegg er eg gymlærer og har 10 timer gym og to timer svømming i veka. Det hjelper godt på.

  • Hvor lenge blir dere borte?

Me reiser avgårde 23.juni- og har åpen billett fram til 19.juli. Dette er bevisst, for å kunne nå toppen uten å bli stressa av værendringer, og andre faktorer som gjer at ein kan tar dårlige beslutninger med hensyn til den enkelte og gruppa sin sikkerhet. Me har i tillegg til tracking, oksygen, ekstra fuel, satelitt telefon også med oss radioer så vi kan dele gruppa i to i perioder, uten at det går utover kommunikasjon og sikkerhet. Dette kan vere nødvendig om deler av teamet er i toppstøt form i ulike tidsepoker.

  • Vil det bli noen oppdatering på sosiale medier underveis?

 

Det vil bli oppdateringer under vegs, det blir lest inn talemeldinger som blir sendt hjem og skriven inn på den enkeltes nettside eller Facebook. Det blir ikke anledning til å sende bilder før etter turen. Eg har med meg go pro, så det blir filmsnutter og videologg lagt ut fra turen i etterkant.

  • Lykke til, og hils Jarle, Ståle og Reidun!


Her er link til Catos Instagram profil og nettside:

@hrrislow

http://www.draumenomsevensummits.com/