Innlegg

Klatring, krig og tragedie – Elbrus 2008

-Av Cato Risløw

Summiting med bi-smak
Mount Elbrus 8.august i 2008 med Brynjulf Eide, Øystein Torsvik og Jan Einar Gravdal. Spesiell tur som eg hugsar særs godt. Me traff eit værvindu og fekk ein strålende summitdag. Sjølv bomma eg på aklimatiseringen, og fekk ein tøff tur ned igjen til tross for at fjellet «berre» var på 5642 moh.  I basecamp den 3.august fekk me melding over satelitttelefon om at Rolf Bae hadde forulykka på K2 den 1. august. Stemningen var trykka. Det norske miljøet var lite, og alle kjente til, fulgte med på og vart inspirerte av dei som gjekk den ekstra mila for å følgje draumane sine. 

Akklimatisering
Eg fekk meg ein smell i kneet og gjekk glipp av ein aklimatiseringstur dagen før toppstøtet. I tillegg gjekk me fort opp, og brukte ca. tre timer mindre på toppstøtet enn dei andre gruppene. I etterkant lærte eg mykje av dette, både korleis kroppen fungerer i høgden, og kva som fungerer mest optimalt for meg. Etter denne turen har eg ikkje hatt noko problem i høgden, heller ikkje på Acon som er betydeleg høgre enn Elbrus.

Krig! 
Attende i Cheget på Russisk side etter å ha komen ned frå fjellet fortsatte dramatikken. Russland hadde gått inn i Georgia og starta ein offensiv på to fronter. Frå sjøen og inn i republikken Abkhazia og frå land via nord-Ossetia og inn i sør-Ossetia. Vi hadde plutselig krigen på begge sider, og befant oss i midten på russisk side. Me vakna til ein by med folk i uniform, alle vindauga på hotellet var spikra igjen. Me heiv oss inn i ein bil og kom oss til den lokale flyplassen. Då me landa i Moskva viste dei invasjonen på tv, og me kunne sjå tankser rulle inn i byene. Krigen var igang.

Klatreforbod
Mount Elbrus vart også stengt for turisme og klatring heilt fram til 2012. Krigen og pågående terror i område gjorde at det tok nokon år før norske turoperatører som Hvitserk og Jarle Trå starta oppigjen med turer til Elbrus. Sjølv om eg har klatra finare og meir spektakulære fjell i åra etter Elbrus, gjer minnene og omstende,  denne turen til ein av dei som ligg nærast hjarta. 

 

Summit!

 

Red anm.: Cato har besteget 6 av 7 kontinentaltopper. Følg hans vei mot Everest her

Ekspedisjon til Denali

Cato Risløw Foto: Vegard Oen Hatten

Cato Risløw reiser til Denali neste uke og jeg fikk en liten oppdatering fra ham nå på tampen. Vi var sammen på Aconcagua i januar 2015 og han fortalte da at han skulle bestige alle 7 Summits!

  • Hei Cato, nå er det Denali som står for tur og avreise er om halvannen uke, er du klar? Fysisk, mentalt og praktisk?

 

No sit eg i Berlin, og siste forberedelser til Denali blir å ha med meg 10.klasse på besøk til Auschwitz, Stasi fengselet og kvinnefengselet. Mentalt er det bra å ha fokus på andre ting, og få perspektiv på tilværelsen før ein slik tur. Skal ikkje sei meir om det, enn at eg er mentalt godt forberedt. Når det gjelder det praktiske, så liker eg å vere tidlig ute, siden eg skulle på tur til Polen og Tyskland før eg reiser med destinasjon Denali. Eg har pakka og ompakka tre gonger, så eg er sikker på at eg har kontroll på detaljene. Nøkkelen til suksess ligg nettopp der. Travel jobb, fritid og tre unger, gjer at ein må vere effektiv og prioritere i riktig rekkefølge, en «det ordner seg» holdning passer dårlig når ein forbereder seg til eit slikt prosjekt. Eg føler meg klar.

  • Dere er en gruppe på 6 stykker som organiserer turen selv? Jeg antar at det har vært mye og sette seg inn i å forberede, har du noen tips til andre som tenker å gjøre det samme?

 

Me organiserer turen sjølv, det er mykje som skal gjerast, med har derfor hatt nokon fellessamlinger i Hemsedal for å trene både sikkerhet og testa utstyr. Fine toppturer har vi også fått. Nokon har fått meir ansvar enn andre ang organisering, og eg føler at gruppa som team har fått brukt ressursene innad på ein god måte. Nokon har etterkvart fått mykje erfaring som har komen heile gruppa til gode, i tillegg har den enkelte eit bredt individuelt erfaringsgrunnlag, noko som gjer dette til eit sterkt team. Eg anbefaler andre som skal gjere dette å bruke mest tid på å bli kjend med dei ein skal reise på tur med i forkant, det er mange situasjoner som kan oppstå under vegs som kan føre til gnisninger når ein er trøtt og sliten. Vi satt opp ei prioriteringsliste over tiltak den kvar enkelte bør ha fokus på i slike situasjoner, i tillegg vart me einige om å vere tydelege, direkte og ærlege under heile turen. Det skal vere stor takhøyde for den enkelte om ein kjem i ein ufordelaktig posisjon feks. helsemessig.

  • Har dere med dere ski, eller skal dere bruke truger som amerikanerne?

 

Me har etter å ha henta mykje informasjon frå andre, landa på at me ynskjer å gå på ski til Denali, istedet for å bruke truger.

  • Hvordan har du trent til denne turen?

 

Det har blitt to faste økter i veka med styrketrening overkropp, dragning av to bildekk og sekk på ryggen med 26 kilo utenom. I tillegg er eg gymlærer og har 10 timer gym og to timer svømming i veka. Det hjelper godt på.

  • Hvor lenge blir dere borte?

Me reiser avgårde 23.juni- og har åpen billett fram til 19.juli. Dette er bevisst, for å kunne nå toppen uten å bli stressa av værendringer, og andre faktorer som gjer at ein kan tar dårlige beslutninger med hensyn til den enkelte og gruppa sin sikkerhet. Me har i tillegg til tracking, oksygen, ekstra fuel, satelitt telefon også med oss radioer så vi kan dele gruppa i to i perioder, uten at det går utover kommunikasjon og sikkerhet. Dette kan vere nødvendig om deler av teamet er i toppstøt form i ulike tidsepoker.

  • Vil det bli noen oppdatering på sosiale medier underveis?

 

Det vil bli oppdateringer under vegs, det blir lest inn talemeldinger som blir sendt hjem og skriven inn på den enkeltes nettside eller Facebook. Det blir ikke anledning til å sende bilder før etter turen. Eg har med meg go pro, så det blir filmsnutter og videologg lagt ut fra turen i etterkant.

  • Lykke til, og hils Jarle, Ståle og Reidun!


Her er link til Catos Instagram profil og nettside:

@hrrislow

http://www.draumenomsevensummits.com/