Innlegg

Elbrus på ski

Jeg møtte Jarle Mundal på Aconcagua i 2015 og han har som mål å bestige alle 7 Summits. Med Kili, Acon og Denali allerede i boks var det nå duket for Elbrus. Jeg har tatt en prat med Jarle for å høre detaljer fra turen i mai.

• Var dette en selvorganisert tur eller en ‘’pakkereise’’?

I fjor var me ein liten gjeng som reiste til Mt. Denali i Alaska. Der planla me heile turen sjølve og reiste inn på breen utanom organisert tur.
Det gjekk i grunn ganske greit, og derfor byrja eg og eit par andre å planlegge tur til Elbrus, sjølvorganisert. Me var på det meste åtte personar og ei fin gruppe.
Men som det ofte gjer, so forsvinn det ein etter ein frå gruppa, og me var berre to igjen. Me bestemte oss då for å hoppe på ein pakketur.

• Du valgte å ta denne turen på ski, hvorfor det?

Litt utstyr må man ha med!

I og med at eg fekk sponsa ski til Denali turen var det eit must for meg og gå også Elbrus på ski. Det var kunn eit byrå som tilbydde skitur, so den saken blei enkel.
På ein måte er eg veldig glad for at det blei pakketur. Å bevege seg i Russland utan tolk er ikkje enkelt. Eit fåtall ute på bygda som snakker engelsk.
Visum, innbydelse og alt rundt det vart og mykje lettare gjennom ein organisert tur.
Me hadde og ein framifrå guide/reiseledar som kunne ikkje berre alt om fjellet, men han var og ein levande historiebok. Som sagt fekk eg sponsa ei test ski før Denali turen. Ei heilprodusert expedisjonski laga i ei løe i Oppdal. Det var jo ein av grunnane til at eg valgte
å gå på ski og denne gongen, forøvrig er eg svært glad i å gå på randonee, og såg dette som ein fin anledning til å utvide sesongen litt. Og etter å ha vore der på
ski, kan eg ikkje tenke meg nokon annan måte å bestige Elbrus på. Elbrus er jo eit meget aktraktivt skiområde, og sjølve Elbrus er ikkje noko spess vanskeleg verken
opp eller ned på ski, og det går jo mykje fortare ned igjen, og mykje meir moro.

• Kan du fortelle litt om akklimatiseringen?

Akklimatiseringa på Elbrus var veldig bra. Det er jo ein drømmetur for dei som er bedageleg anlagt. Første dagane bydde me på hotell på rundt 2000moh. Derifrå hadde
me turar opp først til 3000, deretter 3700 og til 4200 før me flytta opp på fjellet. På fjellet bur man i containere på ca 3800moh. Derifrå fortsetter me aklimatiseringa eit par dager opp til 5000moh før me tar ein kviledag før toppstøtet. På sjølve toppstøtet blir me frakta med beltebil opp til 4500moh. Me har tidligare gått opp der to gongar, og har ingen dårleg samvit for det. Me sparer eit par timer på det.

• Hvordan var toppstøtet?

Sjølve toppstøtet byrja med vekking klokken 01:30. Får servert ein god havregraut (dei er gode på det), og kjem oss på beltebilen med avreise klokken 03:00. Klokken 03:30 startar me å gå, temperaturen ligg på ca 23 effektive minusgrader. Det er kaldt, men sola byrjar snart og varme og på 5000 er eg klam på ryggen av svette. Det blir lettelse i antrekk og me fortsetter. Bortetter traversen forsvinn sola og det bles kald vind frå toppen. Det er svært sidebratt og eg tør ikkje ta av meg sekken for å kle på meg meir. Erfaring frå Denali der all drikka og sjokoladen forsvant nedover breen. Vel inne på Sadelen kan eg kle på meg og livet blir litt bedre. Me går på ski til ca. 5300. Der set me dei igjen, føret videre opp er ikkje noko å skryte av, og skia blir bytta ut med stegjern. Temperaturen ligg på minus12-15 grader. Det går rolegt oppover og snart ser me toppen. Det er ca. 5-6 andre grupper der og. Eg vil kalle det tiløp til kaos på toppen, men guiden vår berre ler og seier at då må me komme tilbake når sesongen startar om eit par-tre veker.
Me var seks stykker i gruppa, alle kom seg opp, nokon i bedre forfatning en andre. No er det berre å glede seg til nedkøyringa på ski. Frå 5300 til 3800. Ikkje kvar dag med sopassa lang nedkøyring. Men det er tungt å køyre. Lite oksygen gjer at ein klarer berre 4-6 svingar i slengen før ein må stoppe å få igjen pusten. Me er nede igjen i ett tiden. Godt fornøgde blir toppen feira med lokalt øl.

• Hvilke tips har du til andre som ønsker å gjennomføre en slik tur?

Om eg skal komme med eit tips om denne turen er svaret enkelt. Ski. Kan du stå på telemark, brett eller randone, ja då gjer ein det.

• Hadde dere andre opplevelser i Russland enn Elbrus?

Me hadde tre dagar tilgjengeleg til toppstøtet, me var heldige og kom oss opp på første forsøk. Det vil jo sei at me fekk eit par dagar i lavlandet før me vendte nasen heimover. Eine dagen då gjekk me på ein lettare fjelltur i nærområdet. Det er mykje flotte fjell der, eg skulle gjerne vore lenger for å utforske fleire fjell. Etter eit par dagar i lavlandet sette me kursen mot Moskva og byliv. Der fekk me sjå den rike utgava av Russland. Ein by med ca14 millionar innbyggarar, absolutt verdt eit besøk.

• Hva koster en slik tur?

Turen til Elbrus kosta knappe 20000,- i tilleg eit par-tre tusen for to netter i Moskva. Skulle me organisere turen sjølve hadde me kanskje spart 5-7000,- Men med det oplegget og dei guidane me hadde tykkjer eg det var vel verdt dei ekstra lappane.

• Hvilket fjell blir ditt neste?

No er det tre fjell igjen av dei sju, eller fire om man tek begge i Oseania. Australia er den neste som ligg på programmet. Everest og Antarktis er so himla dyre at ein må spare nokre år før dei blir gjennomførbare. Men alle muligheitar ligg åpne. Dukkar det opp eit godt tilbud enten her eller der, ja då fer eg.

Sjekk ut Jarles instagram: @jarlemundal

Jarle på toppen!

Skiglede med fjella i Georgia i himmelsynet.