Innlegg

Klatring, krig og tragedie – Elbrus 2008

-Av Cato Risløw

Summiting med bi-smak
Mount Elbrus 8.august i 2008 med Brynjulf Eide, Øystein Torsvik og Jan Einar Gravdal. Spesiell tur som eg hugsar særs godt. Me traff eit værvindu og fekk ein strålende summitdag. Sjølv bomma eg på aklimatiseringen, og fekk ein tøff tur ned igjen til tross for at fjellet «berre» var på 5642 moh.  I basecamp den 3.august fekk me melding over satelitttelefon om at Rolf Bae hadde forulykka på K2 den 1. august. Stemningen var trykka. Det norske miljøet var lite, og alle kjente til, fulgte med på og vart inspirerte av dei som gjekk den ekstra mila for å følgje draumane sine. 

Akklimatisering
Eg fekk meg ein smell i kneet og gjekk glipp av ein aklimatiseringstur dagen før toppstøtet. I tillegg gjekk me fort opp, og brukte ca. tre timer mindre på toppstøtet enn dei andre gruppene. I etterkant lærte eg mykje av dette, både korleis kroppen fungerer i høgden, og kva som fungerer mest optimalt for meg. Etter denne turen har eg ikkje hatt noko problem i høgden, heller ikkje på Acon som er betydeleg høgre enn Elbrus.

Krig! 
Attende i Cheget på Russisk side etter å ha komen ned frå fjellet fortsatte dramatikken. Russland hadde gått inn i Georgia og starta ein offensiv på to fronter. Frå sjøen og inn i republikken Abkhazia og frå land via nord-Ossetia og inn i sør-Ossetia. Vi hadde plutselig krigen på begge sider, og befant oss i midten på russisk side. Me vakna til ein by med folk i uniform, alle vindauga på hotellet var spikra igjen. Me heiv oss inn i ein bil og kom oss til den lokale flyplassen. Då me landa i Moskva viste dei invasjonen på tv, og me kunne sjå tankser rulle inn i byene. Krigen var igang.

Klatreforbod
Mount Elbrus vart også stengt for turisme og klatring heilt fram til 2012. Krigen og pågående terror i område gjorde at det tok nokon år før norske turoperatører som Hvitserk og Jarle Trå starta oppigjen med turer til Elbrus. Sjølv om eg har klatra finare og meir spektakulære fjell i åra etter Elbrus, gjer minnene og omstende,  denne turen til ein av dei som ligg nærast hjarta. 

 

Summit!

 

Red anm.: Cato har besteget 6 av 7 kontinentaltopper. Følg hans vei mot Everest her